Eit nytt
innlegg på norsk, ettersom eg vil fortelje litt om korleis det har vore dei
siste 10 månadane og uttrykke meg på ein så korrekt måte som mogeleg. Eg har
vore idrettsfrivillig i Zambia gjennom Idrettens Fredskorps (NIF og
Fredskorpset, med økonomisk støtte av NORAD) og reiser heimover fredag 6.juni.
Det har vore eit år med mange opplevelsar og mykje lærdom.
I starten
blei me frivillige kasta inn i ein ny familie som skulle ta vare på oss, eg var
(etter mi meining) den heldigaste av alle og kom i ein familie som verkeleg tek
arbeidsoppgåva på alvor og har tatt godt vare på meg. Det er uheldigvis ikkje
alle som er like heldige med vertsfamilien sin, og det har vore frustrerande
for dei unge frivillige (me er alle mellom 21 og 26år), men til slutt finst det alltid ei løysing, og eg trur
me alle lærar av feil og «fartsdumpar». Ein av dei negative sidene ved dette Idrettensfredskorps-prosjektet
er nettopp problema ein møter i ein vertsfamilie, og med ei betre planlegging
ville ein unngått mange potensielle problem.
I Zambia,
som er plassert midt i sørlige Afrika, så er det mykje som er forskjellig frå
den kulturen me er vande med, og det er jo litt av grunnen til at me får lyst å
reise sørover, for å oppleve denne enorme skilnaden frå Noreg. At eg møter
ekstremt fattige folk som tiggar på gata set inntrykk, born som spring til meg
for å leike med meg, det kalde vatnet eg heller over meg når eg «dusjar» heime
i badekaret, kakelakkane eg kostar vekk frå frukosttallerkenen, skrubbinga av dei holete boksershortsane når
eg tek klesvasken og mange fleire unike opplevingar som eg aldri ville opplevd
viss eg hadde budd heime i trygge Noreg har gjort meg til ein rikare person. Eg
set pris på dei små tinga, eg tek meg tid til dei rundt meg, og prøver å forstå
andre sitt synspunkt når eg er fast bestemt på at eg har rett og ikkje dei.
Sjølvsagt
har det vore til tider svært frustrerande her nede og me føler oss ganske små i
eit stort prosjekt som kanskje ikkje fører til noko bærekraftig. Det er enkelte
situasjonar der ein blir ståande å vente på at folk skal møte opp som alltid er
seine, eller vente på at noko skal skje. På jobben har det mildt sagt vore
varierande aktivitetsnivå, og av og til lurar eg på om Frdskorpset, NORAD og
NIF faktisk veit kva som faktisk skjer her nede (eller ikkje skjer). Det kostar
mykje å sende ned ein frivillig for å drive idrettsbistand i eitt år, som
kanskje ikkje fører til noko som helst?
Sjølv om
eg har opplevd tråe tider, både for meg og andre frivillige, så er eg glad for
at eg reiste ned hit i august 2013. Eg kom med eit opent sinn og var klar for
det meste, og nettopp det trur eg var viktig. Viss ein kjem ned hit og trur at me
kan forandre verden iløpet av 10 mnd, så blir ein fort skuffa. Eg tok dette som
ein kulturutveksling og nytta sjangsen til å sjå Afrika så mykje som mogeleg
når me først var her nede og møte forskjellige folk, både turistar, andre
frivillige og lokale. Eg har vore så heldig at eg har besøkt heile 9 land
(Zambia inkludert) gjennom dei 10 mnd eg har vore her, noko eg aldri ville hatt
råd eller tid til om eg var heime i Noreg. All denne reisinga har kanskje vore
høgdepunktet mitt gjennom året i Afrika. Men det er mykje eg kjem til å sakne
frå Zambia, samtidig som det er mykje eg
ser fram til i Noreg også.
I
nabolaget blir eg gjenkjent kvar dag, og stadig vekk kjem eg borti folk som er
skuffa over at eg ikkje helsar på dei (diverre kjenner eg ikkje igjen alle).
Borna som leikar i nabolaget elskar å leike med meg, og eg er glad for å kunne
gje dei litt glede. Vertsfar min seier at dei ikkje opplev så mykje positivt
rundt seg, så å ha ein kviting som spinn rundt med dei betyr veldig mykje for
dei. Sjølv om eg kjem heim sliten etter jobb og vil rett heim å slappe av, så
smilar eg alltid når dei kjem springane: «RUBEN, SPIN US, SPIN US!»
Noko av
det eg saknar mest etter 10 mnd i Afrika er delar av den norske kulturen, som
«time management» som kan vere utruleg frustrerande til tider, den norske maten,
familien min (spesielt min 5 år gamle nevø som blir større for kvar
videomelding eg får), den effektive arbeidsmoralen, norsk natur, fjell og
fjord, og vener.
Men når
eg kjem heim så er det nok ein del eg kjem til å sakne frå Zambia også, bl.a.
vertsfamilien min som alltid er smilande og glade, den zambiske maten er god og
spanande, dei rolege dagane der ein ikkje treng å gjere noko (sjølv om dette
kan vere frustrerande også), dei andre frivillige som eg har blitt svært godt
kjent med, naboungane som alltid vil leike med meg, været som alltid er varmt, og
dei hyggelege og snille zambiske menneska som gjerne vil slå av ein prat.
Eg håpar
potensielle Idrettsfredskorpserar les dette, som også ikkje blir avskremt. Mitt
tips er at ein må reise sørover med så små forventingar og skape sine eigne
inntrykk når ein landar i Afrika. Når eg fekk vite at eg skulle flytte sørover
som IFKer for eitt år sia, så leste eg ingen bloggar av tidlegare frivillige,
for eg ville finne ut av det meste sjølv. Ville eg like den zambiske maten
«nshima»? I bloggar les ein ofte om andre sine meiningar, og då kan det fort
sette forventingar og meiningar før ein faktisk har opplevd det sjølv. Viss eg
hadde lest at nshima var smaklaus og keisam (som den faktisk er) så kunne eg ha
komme ned hit og sagt eg ikkje likte den før eg egentleg hadde prøvd den ut,
spesielt med all den gode maten dei har ved sia av. Eg likar faktisk å ete
middag med nshima!
No skal
ikkje eg skrive så mykje meir ettersom dette innlegget blir farleg langt, men
eg håpar du forstår at det er vanskeleg å sette få ord på alt ein opplever over
10 månadar i eitt nytt land. Eg er glad for at eg har brukt bloggen min
flittig, slik at eg kan sjå tilbake på opplevelsar som ga sterke inntrykk som
eg også har fått delt med vener og familie. Det er ca ei god veke til avreise
og det blir godt å komme heim til Fresvik og Noreg der eg verkeleg kjenner meg
heime.
ps. Den Kongelege Norske Ambassade i Lusaka skreiv ein artikkel frå årets 17.mai
|
Sandboarding i Nambia, Afrika |
|
Hår og ansiktshår vaks iløpet av året |
|
Fekk tid til litt springing i Tanzania også |
|
Såg ganske så fælt ut ei stund.... |
|
Dette ventar meg heime i Fresvik! :D |
|
Det har blitt utruleg masse klesvask iløpet av dei siste månadane, etter at vaskemaskina sa stopp |
|
Spin us Ruben, spin us! Just once, please! |
|
Dette ventar meg også heime...:) |
|
Ei hytte i Lusaka, til sals |
|
I arbeidsoppgåve denne veka fekk eg å telje over alle startnummera, i tilfelle noko mangla (2 mangla) |
|
Treningsstudiet kor eg har trent 5-6 gonger i veka medan eg har vore i Lusaka |
|
Knebøy stativ <3 |
|
20kroner for ein vannmelon? Deilige! |
|
Posten er sjeldan på tida, og i dag, den 29.mai henta eg denne invitasjonen til 16.mai feiringa.... |
|
Gladlaks etter å ha levert eksamen i november |
|
Etter det siste bilete i november barberte eg meg ikkje på nokre månadar. Dette er frå januar, etter ferien |
|
Laga meg panneband og klar for å følgje OL på dataskjermen! |
|
Ikkje heilt nøgd med Northug sin innsats... |
|
Hår og skjegg vaks |
|
Ein del tid gjekk til å planlegge reising, som f.eks til Lake Malawi (Cape Maclear). |
|
Etter maratonet i Kilimanjaro tok eg skjegget, til glede for mange vener og kjente |
|
Nok ein keisam dag på kontoret. Mars 2014 |
|
Håret vart bleika av sola |
|
Men det gjorde eg og Anja noko med, og svart blei det |
|
Håret vaks framleis |
|
jaja... |
|
Ettervekst og brun/svart hår. tatt nyleg |
|
Så langt er det. Tatt i dag! |
|
Søskena mine! |
|
Anja klomsar igjen! Sølte te over buksa på Mug & Bean |
|
Ein av mine først opplevelsar som Idrettsfrivillig i Zambia. Moro |
|
Zambisk mat! Nam! Kjem til å sakne det |
|
Kort hår og familiemoro. Her når eg hadde skada foten |
|
Devils Pool ved Victoria Falls! Anbefalast på det sterkaste!!! Men ta med eit kamera som funkar, og ikkje dett ned |
|
Å ta buss med 20-24 andre i ein Toyota Hiace vart ein vanesak. 0 stress |
|
Pokalen frå Nordic Sports day. Vinnarar hausten 2013: NORWAY |
No comments:
Post a Comment