Sundag 11/5-14
Det har
vore lite med blogging den siste tida, og det er forskjellige grunnar til det. For
litt over to veker sia fekk eg besøk frå Gudmor Sissel som kom flygande heilt
frå Oslo. Ho hadde med seg mykje snadder frå Noreg, bl.a. brunost,
bringebærsylte, honning, makrell i tomat, leverpostei, sjokolade og ikkje minst
grovbrød! Delar av dette er blitt konsumert av fleire nordmenn i Lusaka den
siste tida.
Sissel er
ei engasjert gudmor som tek oppgåva si seriøst, me har så langt vore i 7 land
ilag (Spania, Estland, England, Sør Afrika, Seychellene, Zambia og Zimbabwe) og ho
passar på me dei få gongene eg ikkje passar på ho. Dama er i 50 åra, men du
trur ikkje det etter å ha vore med ho, ettersom ho oppfører seg som ein 20
åring (eller 14 åring?). Det er uansett alltid livlige sprell med denne
ungsinna dama.
Når ho
kom fredag den 25.april serverte vertsfamilien min ein ekte zambisk middag med
larvar og småfisk (katapillars og kapenta) saman med nshima, der alt skal etast
med hendene. Dette var nok ein stor opplevelse for ho (det var det iallefall
for meg, første gongen eg åt den maten).
Dagen
etter var me i bryllup (trur det er mitt 3. eller 4. bryllup eg opplever i
Zambia) og eg er glad for at endå ein nordmann fekk oppleve eit ekte afrikansk
giftemål. Sundag dro heile familien på gudsteneste, min første gudsteneste sia
slutten av november. Eg nytta sjangsen til å gå opp for å takke familien for
alt det dei har gjort for meg dei siste 9 månadane, Sissel nytte høve til å
takke familien ho også. Sundags ettermiddagen blei brukt til å besøke eit
lokalt marked like før det blei mørkt og så svinge rundt på naboungane som
elskar å leike med meg.
Måndag
tok eg og Sissel bussen til Livingstone (etter mykje styr med utsjekkinga på
hotellet ho budde på) og på vegen kom eg på at eg hadde gløymt passet mitt i
nattbordsskuffa, ettersom me skulle forflytte oss til Zimbabwe to dagar seinare
blei det litt stress, men eg fekk vertsfaren min til å sende passet med bussen
dagen etterpå.
I
Livingstone møtte me Anja, som hadde vore på ferie i ca ei veke i førvegen. Me
dro ut til Victoriafallene for å sjå på dei enorme fossane, og me blei kliss
gjønomblaute, kort sagt: ei fantastisk oppleving! Etterpå tok me taxi til Royal
Livingstone, som er eit luksushotell like ved fossane, der såg me ei nydleg solnedgang
med noko kaldt å drikke på. Dei to
flottaste solnedgangane eg har sett i Afrika i år er på Lions Head i Cape Town,
og ved Victoria Falls i Livingstone. På onsdagen gjekk me over grensa til
Livingstone og tilbragte ein dag i byen Victoria Falls, der fekk me sjå fossane
frå den andre sida, det var ein ny opplevelse (å sjå Victoriafallene frå Zambia
sida var best). Torsdag tok me buss kl 07 til Harare (via Bulawayo) i ein
luksusbuss, setene kunne nemleg lenast bakover og me fekk servert sandwich og
vatn/brus. Eg brukte reisa på å lese i boka «Bravo Two Zero» av Andy McNab som
eg fekk av Sissel. Når me kom fram til Harare kl 21:30 møtte me Helene og
Anita, som også er idrettsfredskorpsere (i Livingstone og Kabwe/Lusaka). Alle
oss fem delte eit familierom på Bronte Hotel.
I Harare
var det arrangert ein «kunst» festival , og me kom akkurat tidsnok til å få med
oss dei siste 3 dagane. Fredag såg me ein kanadisk gitarist spele framfor ca
200 tilskodarar og me brukte soldagen på å gå rundt omkring festivalområdet som
bl.a. er sponsa av den Norske Ambassaden. Anja fann ein imidlertidig hobby ved
å flette håret til oss andre samtidig som me koste oss med kald drikke. Laurdag
var me på litt forskjellige forestillingar, Sissel og Anja såg ein klasisk
Bach-forestilling, medan eg seinare var på stand-up med Anja og Anita
samstundes som Sissel og Helene var på andre forestillingar. På kvelden såg
jentene på danseforestillingar medan eg tok ein roleg kveld og leste ut boka
mi. Sundag morgon dro Helene tilbake til Livingstone med buss, og Sissel fløy
tilbake til Oslo på ettermiddagen, så første halvdelen av dagen blei brukt til
soling ved bassengkanten. Eg, Anita og Anja blei verande i Harare til tysdag,
og me fekk med oss avslutningsshowet sundag kveld, og det var ein flott fest.
Mange gode band og bra liv. Måndag blei brukt til meir jobbing med hudfargen og
nedkjøling i bassenget, samt kjøp av bussbillett heim til Lusaka. Tysdag morgon
dro me nemleg tilbake til Zambias hovudstad, les meir om den på denne bloggen
(Anjas blogginnlegg om bussturen)
Bilder og innlegg av HIFA festivalen finn du på Anita sin blogg: Anitas blogg
Vel heime
etter ein lang, svett og slitsom busstur var det godt å vere tilbake til
vertsfamilien min. Tilbake på jobb kom eg igang med siste eksamensoppgåva, og
sjølv om den skal leverast inn 6.juni har eg lyst å bli ferdig med 2/3 av den
innan 17.mai. Laurdagen blei også brukt til eksamensoppgåva på ein nettcafe i
fred og ro.
I dag,
sundag, starta eg dagen med ei treningsøkt før eg brukte resten av dagen ved
ein bassengkant med Anja og Anita.
Neste
veke blir nok den meste av tida brukt inne på kontoret før feiringa av nasjonaldagen brakar laus til
helga. Dei norske frivillige i Livingstone kjem på onsdag/torsdag, så då blir
helga brukt ilag med dei. Ønskar alle ei god veke!
|
Sissel med ekte Zambisk middag |
|
Som julafta! masse godsaker frå Noreg! |
|
Denne tassen elskar å bli svingt rundt på |
|
Stryke kler gjer eg fleire gonger i veka |
|
Bryllup |
|
Sissel måtte få eit bilete med dama i chitenge |
|
Dinah med ein takketal til gud |
|
Grovbrød, brunost og honning! LUKKE!!! |
|
20-30 stk som ser på nokre få jobbar. Det er vanleg i Zambia det... |
|
Lusaka |
|
Lusaka |
|
Meg og Sissel på gudsteneste |
|
Meg, Anja og Sissel. Selfie |
|
Jajajaja....! :D |
|
Sissel hadde smaken for larvar |
|
Ser det godt ut? |
|
På veg til gudsteneste |
|
Masse mat |
|
Her svingest det |
|
Vertsmor Doryn, meg og minste tassen i nabolaget |
|
Meg og Sissel |
|
Han er ein lett fyr |
|
Gutta boys |
|
Bryllup |
|
Meg og vertsmor Doryn |
|
Brudefamilien og Sissel |
|
Paret skifta til tradisjonelle kler ca halvveges ut i sermonien |
|
Blide damer |
|
Min takketale til familien min under gudstenesta |
|
Det to pastorane, Jackson og David (vertsfar) |
|
Skulle berre ha bildete med familien min, men så kom samtlege av dei besøkande. |
|
I bussen på veg heim. Sissel og Dinah (søster) |
|
Meg og familien min, etter gudstenesta. Dawn, Daniel, Doryn og Dinah |
|
Full buss, ikkje uvanleg det |
|
Gate mat |
|
Mr Livingstone og Sissel ved Victoria Falls |
|
Majestetiske fossar! |
|
Anja, meg og Sissel |
|
Fossane er store no like etter regnsesongen |
|
Middag i Livingstone |
|
Sunset |
|
Royal Livingstone Hotel utsikt |
|
Zambezi elva, solnedgang |
|
Hotell frukost, meg og jentene |
|
Anja flettar hår |
|
Anja flettar hår på hotell rommet |
|
Underholdning for Sissel |
|
Helene på veg heim til Livingstone |
|
Bassenget ved hotellet vårt |
|
Massiv grashoppar |
|
Eg solar meg ved bassenget. Vatnet var kaldt, men sola var varm |
|
Heime i Lusaka og tilbake til eksamensjobbinga! |
No comments:
Post a Comment