Saturday, 23 August 2014

Tilbake til skulebenken

Sjølv om eg studerte medan eg var i Afrika, så blir dette ganske anleis. Utmarksforvaltning på Evenstad var neste stopp etter 10 mnd i Zambia.

På måndag tok eg med eit flyttelass på 3-4 store sekkar/baggar på toget frå Oslo til Evenstad. Kl 11 starta opninga av skuleåret 2014/2015 med talar og informasjon. Deretter var det grilling og sosiale aktivtetar. 

No har det gått 5-6 dagar og det har gått fort. Me starta "forelesinga" på onsdag då me var ute i skogen for å sjå på planter og forskjellige typar skog. Dette er mykje nytt for meg, så det har vore spanande. Me har faget "Vegetasjon og klima" saman med Skog-linja, så derfor er 40-45 stk i klassen. Me er delt opp i to grupper og mi gruppe hadde fri på torsdag, medan den andre gruppa hadde fri fredag. Fridagen brukte eg på Elverum-tur med ein kamerat for å handle inn litt utstyr og mat som ikkje er mogeleg å finne på Evenstads nærbutikk.
Helga er kommen og no er det berre èin fest att før Opningsveka er over. Ingen veit eksakt kva som skjer i dag/kveld, men moro blir det nok


Høgskolen i Hedmark, avdeling Evenstad. Dette er campusen vår
Siste dagen i Fresvik brukte eg på å rydde sti ved Huldafossane. Sag, jungelkniv og motorsag blei brukt



Dette er eine klasserommet på skulen min. Herleg stabbur

Arnesens Landhandleri er den einaste butikken på Evenstad. Ca 15 min gange frå Campus

Treng ikkje større skilt


Heldigvis stoppar toget ved Evenstad

Hovudbygget rett fram. Baren/styrkerommen ligg til venstre, saman med eine studentboligen

Her er bygget mitt, Nystu. Delar kjøkken med 3 stk

Låven. Heile taket på andre sia har solcellepanel, som var norges største solcellepanel. Låven blir brukt til kontor, audiotorum, gymsal etc etc

Hovudbygget. Ser du badestampen mellom bygga? Glomma ligg like ved, og det er mogeleg å låne seg kano til å ta ein padletur

Her spelar me Kubb. I bakgrunnen kan du sjå lavvoane der me grillar og sosialiserer oss. Det er også nokre elgar like bak

Viktig å vinne i Kubb!

No comments:

Post a Comment