Sundag 11/5-14
Det har
vore lite med blogging den siste tida, og det er forskjellige grunnar til det. For
litt over to veker sia fekk eg besøk frå Gudmor Sissel som kom flygande heilt
frå Oslo. Ho hadde med seg mykje snadder frå Noreg, bl.a. brunost,
bringebærsylte, honning, makrell i tomat, leverpostei, sjokolade og ikkje minst
grovbrød! Delar av dette er blitt konsumert av fleire nordmenn i Lusaka den
siste tida.