Friday 31 July 2015

DNT tur, behind the scenes

På toppen av Tverrådalskyrkja

DNT tur, for Sigbjørn og Ruben
Førre veke fekk eg ein telefon av DNT-Eivind, om at eg og Sigbjørn hadde blitt plukka ut av ein haug med søkarar til å gå MASSIV-DNT tur, på ca 350 km. Frå Sota Seter i Breheimen til Haukeliseter i Hardangervidda. Me hadde litt dårleg tid, så me starta i dag, og har planar om å gå den på ca 14 dagar, istaden for 21 dagar, som den egentleg er satt til. I løpet av turen skal me filme frå start til slutt med GoPro-kamera på brystet. Me skal overnatte på DNT hytter og formidle dei flotte turmogelegheita som finst i områda. 
Pre-turen starta på torsdag 30.7, og me blei køyrt frå Fresvik til Sogndal av vår greie mor. Derifrå gjorde me dei siste førebuingane med shopping, før me satt oss på 12:15 bussen til Stryn, derifrå buss til Dønfoss kor me blei henta. Ca kl 17.15 kom me til Sota Seter, der ei historierik DNT hytte står midt i ein massiv, vakker dal. 



1.etappe
Sota seter - Nørdstedalseter. via Tverrådalskyrkja. 26 km
Me møtte DNT-Eivind til frukost på Sota seter der han fekk ta ein masse bileter og snakka både laust og fast med oss. Så me fekk ikkje starta turen vår før rundt kl 11. 
Byrjinga av turen var i god sti oppover, så langt oppover at me kom til breen. Før me bevega oss oppover mot Tverrådalskyrkja, tok me lunchpause og planla resten av turen. Me har skjønt at alt under turen blir veldig værbestemt. Om det er tjukk skodde og dårleg film-vær, så er det liten vits i å gå på høge toppar. 
På veg opp Tverrådalskyrkja, som me valgte å gå på, sjølv om det er ein liten omveg, letta været og sola titta fram. Det var mykje stein me måtte balansere opp på, men det var verdt det når me kom på toppen. På baksida av Tverrådalskyrkja går det rett ned, bokstavleg tala. Eit massivt stup på over 100 meter går beine vegen ned i ein dal. Og på sida kan ein gå på ein svært spennande egg! Eg likar spesielt skumle eggar, og når alle steinane me går på ser ut til å rase kvart sekund, så blir det spennande! Uheldigvis kom skodda før me rakk å ta nokre gode bileter/filmar, men me våga oss ut på eggen allikevel. Eg kan nesten ikkje førestille meg kor majestetisk utsikta på den 2089 meter høge toppen ville vore med klarvær.  Ein tur eg absolutt vil anbefale!


Måtte skrive i boka som var gøymd i varden på toppen


Turen vidare til Nørdstedalseter blei over Fortundalsbreen, som framleis var dekka med snø frå vinteren, Me gjekk i nye spor frå andre turgåarar og det vart ein liten tempetappe ned til Nørdstedøla. Sigbjørn gjekk gjennom litt snø og blei blaut på beina, eller var det lite å melde om. Det var nok sol til å ta på seg solkrem og solbrillene. Så langt føler eg meg at me har førebudd oss godt nok. 
Me kom fram til Nørdstedalsseter rundt kl 19:15 og fekk ein flott 3-retters middag. Resten av kvelden har me brukt på å lade batteri, overføre videoar på ekstern harddisk, tørke kler, lage niste, dusje og pakke om til i morgon. 
I morgon startar turen kl 06.00 og me skal gå mot Sognefjellshytta. Planen er å gå ende lengre, men igjen, alt er værbestemt. 
Nytt blogginnlegg kjem når eg har WiFi igjen. 








På toppen av Kyrkja. HEFTIG stup på andre sida

Eggen bortover til ein ny topp. Det var ein del skodde, diverre

Eggen

Sigbjørn kosar seg på breen