Friday 7 August 2015

Dag 7 og 8

8.etappe
Breistølen-Bjordalsbu, ca 11 km, 3 timar
Me starta rundt kl 09 frå Breistølen, kor eg eg klarte å leggje igjen smart telefon og ladar. Men me opprettheld kontakten med omverda gjennom tur-telefonen min.

Opp frå Breistølen til den sjølvbetjente hytta Bjordalsbu var det nydlege forhold. Sola glimta til og det var vakker natur å gå opp dei 400 høgdemetrane. Turen tok oss knappe 3 timar. At Breistølen Fjellstuer er så lett tilgjengeleg for bil/buss, og omgitt av så flotte turmogelegheiter er heilt fantastisk.

9.etappe
Bjordalsbu-Iungsdalshytta, ca 16 km, 5 timar
Etter lunch på Bjordalsbu gjekk me vidare sørover til Iungsdalshytta. Det var til tider mykje snø, men den var relativ fast og fin å gå på. På starten av etappen valgte eg å byte frå joggesko til fjellstøvlar, og Sigbjørn gjekk då i forvegen. Når eg starta å gå igjen gjekk eg forbi han utan å legge merke til det. Eg fortsatte i høgt tempo, samstundes som Sigbjørn prøvde å ta meg igjen. Etter ca 20-30 minutt gange høyrte eg eit rop bak meg, og eg såg han småjogga på steinura. Etter det haldt me følgje.

Nede i Iungsdalshytta fekk me servert fiskesuppe og oksekjøt til middag. Ein lang dag blei avslutta med å leggje seg tidleg.

10.etappe
Iungsdalshytta-Kongshelleren, ca 14 km, 4 timar
Me starta kl 09 frå Iungsdalshytta og gjekk i god sti oppover mot Kongshelleren. Iløpet av turen måtte me krysse 2 elver, der den eine var unormalt stor. Vading måtte til. Sigbjørn hatar vading. Å gå i kaldt vatn omtalar han som "knivar som stikk i føttene!". Etter den siste elvekryssinga var me like ved Kongshelleren. Der tok me lunch, og kom samtidig som ein gjeng som gjekk frå Geiteryggshytta.

11.etappe
Kongshelleren-Geiteryggshytta, ca 14 km, 3 timar
Under lunchpausen byta både eg og Sigbjørn til tørre fjellsko, før gjekk me vidare. På den flate og nedovervendte løypa frå Kongshelleren til Geiteryggshytta slapp me å vade fleire elver, til stor glede for Sigbjørn. Det var litt snø å gå på, men også her var den fast og fin, og det var aldri noko problem å komme seg mellom vardane. Tips: Gå til sides for "snø-stien", så er den mindre mjuk. Det er også vegtransport til/frå

Ned bakkane til Geiteryggen gjekk fort og me kom ned ca kl 16:40. Ettersom internett ikkje er supert her, så blir det ikkje lasta opp noko bileter frå turane, men det kjem seinare. I morgon går me iallefall til Finse, evt. endå lengre om me får tid (og krefter) til det.

Elles er formen fin, og me kosar oss på tur. Me har stor tru på at sluttproduktet blir veldig bra, og mange vil følgje fotspora våre.

No comments:

Post a Comment