Monday 3 August 2015

Dag 4

4.etappe
Skogadalsbøen - Fondsbu, ca 28 km, 9 timar (normalt 24 km, 8 timar)
Den 4.etappen starta frå vakre Skogadalsbøen kl 07:30 med rykande fersk kaffi på termosen. Det finst mange mogelegheiter til å komme seg frå Skogadalsbøen til Fondsbu, men me fekk tips frå Torunn som jobbar på DNT hytta om å gå inn Skogadalen. Etter å ha gått i ca 2 timar i morgonsola tok me ein 90 graders vending sørover for å gå opp på Sagi, ein luftig topp på litt over 2000 meter. 

Turen opp Sagi (2 km og 800 høgdemeter) tok om lag 1 time, men diverre var det ein del skodde, så sikten var ikkje så bra som me hadde håpa på. Ned igjen til stien gjekk raskare ettersom me sklei ned på snøfennene. 

Kl 12 fortsatte me austover i retning Fondsbu. Me møtte på mange turgåarar som gjekk i motsatt retning, så stien var godt tråkka og godt merka. På dei høgste partia (ca 1300-1400 moh.) var det ein del snø, som gjorde turen litt tøffare enn venta.

Det siste partiet gjekk veldig fort, og me kom ned kl 16:30. 
På Fondsbu møtte me ein kamerat av oss som filma litt med drona si, og det blei veldig stilig. Både meg og Sigbjørn har ganske møre bein i kveld, men er klar for å gå mot Sulebu i morgon, ein endå lengre etappe. Forhåpentlegvis slepp me for mykje snø på bakken, og regn i lufta. 

Turen starta i nydleg vær

Skogdalen i morgonsola

Sagi

På toppen av Sagi, balansekunst i særklasse

Skiltinga er alltid gode checkpoint

Terje frå Vik kom for å filme litt frå lufta med drone



No comments:

Post a Comment