Tuesday 24 November 2015

Karmøy (halv)maraton


Då var den store Bøtun duellen over. Eg ankom Stavanger kl 20:05 og blei henta av Dag Einar og Håvard. Etter ei natt i gjestesenga reiste me til Karmøy i god tid før løpet. Det var sol, men kjølig (rundt 0 grader). Oppvarminga måtte gjennomførast med mykje kle, men etterkvart fekk me varmen i oss.

I bilen før oppvarming

Til vår skuffelse skulle Norges beste maratonløpar, Buta, delta på halvmaratonet. Då visste me at me ikkje hadde sjangs på gull iallfall (Buta vann løpet med tida 1 time og 6 minutt).

Løpet starta kl 11:00, og dei siste minutta før løpet blei litt stressande, ettersom Håvard hadde reist med nøklane til den låste bilen (der startnummera våre var). Kl 10:58 sto me på startstreken, heilt fremst.



Buta suste i tet, han var i eigen klasse. Me meir "normale" bak Buta haldt oss i ei "tet"gruppe på 7 stk. Eg hang meg på bror min. Planen var at eg skulle gjere alt eg kunne for å halde følgje, eg var budd på å gå djupt i "kjellaren". Det var ingen poeng å komme i mål på ei halvgod tid langt bak bror min. Enten går eg inn for noko 110%, eller så gidd eg ikkje.
 
Starten. Buta i front. Dag Einar til høgre.
"Tet"gruppa blei fort til 6 mann. Eg som bakerste, men tunge steg. Farten me hold var på om lag 7 minutt pr 2 km. Når eg sprang intervallar (6x2000m) 5 dagar tidlegare haldt eg ein fart på 7:40 (i snitt) pr 2000 m. Så eg hadde eit håp om at gruppa skulle senke farten. Det skjedde ikkje.

Ut frå Stadion. Dag Einar like foran meg (i gul shorts)
Når me hadde sprunge dei to første kilometrane skjønte eg at dette ikkje ville halde for min del, men eg beit meg fast og haldt følgje. Gruppa blei etter kvart redusert til 5 mann, og eg visste at viss eg klarte å halde følgje, så ville det bli i alle fall ei topp 6 plassering.

6 km på litt under 20 minutt. Eg pusta tung, men fekk litt drikke av Dag Einar ved den eine drikkestasjonen.

Dag Einar kikke stadig bak seg for å passe på at eg var med. Og ved 10 km sprang me side ved side. Då hadde det gått 35 min 57 sekund. Min raskaste 10 km nokon sinne. Ved vending (10,5 km) låg me framleis samla, men så kom motvinden. Og hagl.

Ved 12 km byrja det å halge, og det blei plutseleg ein del tyngre. "Tet"gruppa auke farten ein smule. Eg hadde då ingen sjangs til å halde tritt. Eg og ein til falt av gruppa. Dag Einar følte seg pigg og låg framleis i "tet"gruppa som no var på 3 mann.

Eg såg ikkje stort til den gruppa etter det, og etter 16 km auka Dag Einar farten endå meir, og til slutt sprang inn til ein imponerande 2.plass. Dag Einar si tid kom på 1 time 14 minutt og 27 sekund.


Dag Einar i målgang


Etter 12 km låg eg 50-60 meter bak ein ire, som spring for same friidrettsklubb som Dag Einar (Spirit). Me holdt ganske nøyaktig same fart dei neste 7 km. Så ved 19 km bestemte eg meg for å gå i kjellaren for å ta igjen forspranget. Eg auka farten og ganske snart hadde eg tatt han igjen. Då hadde eg to valg: 1) Køyre på heilt til mål, eller 2) Ligge bak han fram til stadion og deretter prøve å vinne i ein spurt.



Eg gjekk for å prøve å halde farten i 1 km til, for så å sjå kor stor leiing eg ville få. Dette førte til at eg fekk ei lita luke på ca 30-40 meter, og då var det berre å halde ut den siste kilometeren. Eg kom i mål på 1 time 16 minutt og 57 sekund og 5.plass. 2,5 minutt bak Dag Einar.

Alt i alt, svært sliten og nøgd. Dag Einar sprang eit såpass godt løp at eg ikkje hadde sjangs til å ta han. Før løpet hadde han eit mål om å komme under 1 time og 17 minutt, så om han ikkje hadde hatt dagen, så kunne det fort blitt ein meir spennande løp.

Etter løpet fekk Dag Einar stå på pallen med Buta, og motta sin pengepremie.



Eg måtte nøye meg med ein veltfortent medalje


Etter løpet var det rett på bussen til Bergen. Eg opna ei vinflaske i ekte Mons Monsen Øyri (legenda Mensen Ernst) - stil. Til Bergen feira me 30-årsdagen til Bjørnar, eit av mange søskenbarn. Stor ståhei med mange slektningar og vener frå heimbygda, Fresvik.

Vinflaske på bussen

Jonas just arrived the party!

Sigbjørn, Bjørnar (30), Dag Einar og Silje
Kl 24 var kvelden over for meg og Dag Einar, og me la oss for å vere opplagte til heimreisa dagen etterpå.



Takk til Karmøy Maraton (Facebook side)

Thursday 19 November 2015

Karmøy Halvmaraton

Påmeldte Bøtunar til Karmøy halvmaraton
Dag Einar sine tider på 2000 m intervallar
Ruben sine tider på 2000 m intervallar


Ikkje akkurat nye sko...


Men skoa funkar i snøen. Mille i bakgrunnen


Kveldstur med Mille


Dag Einar sendte bilete frå førre trening... Lengste eg har sprunge på trening er 11,5 km


Broddar til joggeskoa. Kjøpt på FK




Monday 16 November 2015

Analyse før løpet

Før halvmaratonet på Karmøy har eg tenkte å ta ein SWOT analyse (Strenght, weakness, opportunity, threats) av både meg og Dag Einar (23).


Først Dag Einar
Strenght/Styrker:
-Røynsle/rutine
Dag Einar har sprunge løp på eit seriøst nivå sidan han var 16-17 år. Han har delteke på utallige løp, både terreng-, bane-, mellomdistanse-, lang- og andre typar løp. Treningserfaring er også svært nyttig fram mot viktige løp

Ikkje uvanleg å sjå Dag Einar i lokalavisa


-Utstyr
Dag Einar har ca 20 ulike joggesko, samtlege er superlette og av svært god kvalitet. T-skjorta han spring i er knall oransje og om du mistar det ut av synet veit du at du har tapt.


Ruben og Dag Einar før Mensen Ernst løpet i 2014


-Treningsfasiliteter
Dag Einar bur i oljebyen, Stavanger. Eg trur det finst 20 treningsbaner og sikkert endå fleire treningssentrar. Om Dag Einar brukar alle desse er usikkert, men han har dei iallefall til rådigheit. Ingenting stoppar Dag Einar å ta 12 x 1000 meter intervallar på ei oppmerka løpebane på Stavanger Stadion.

-Lokasjon
Dag Einar bur som sagt i Stavanger, knappe steinkastet frå Karmøy. Han er då godt vandt med klimaet (mildt, regn og vind) før løpet.


Dag Einar etter ein lagsiger i Stavanger


-Personleg oppfølging
Spring for Spirit, og har faste treningar der ein (eller fleir) proffe trenarar kjem med tilbakemeldingar. Har også treningskameratar som er littegrann betre enn Dag Einar, slik at han må verkeleg pushe seg for kvar økt.

Weakness:
-Kosthald
Dag Einar er ganske svak for sjokoloade. I tillegg et han middag for 4 stk. Dette er grunnen til at han veg 80kg, og ikkje 75 som kanskje hadde vore meir passande for ein løpar.

-Styrke
Dag Einar trente tidlegare ein del styrke, men etter satsinga på langdistanseløp har han fått beskjed om å slutte med det. Difor er det nok mindre styrke i beina enn tidlegare. Kjernemuskulaturen bør dog framleis vere bra sterk.

-Skule
Eg snakka med Dag Einar på laurdag, og då sa han, overraskande for meg, at han var veldig bakfull. Han held på med eit skuleprosjekt der han ser på alkohol og trening, og dei hadde då "pratisk gjennomføring" på fredagen. Dette skulearbeidet kan hemme prestasjonane både i trening og løp for Dag Einar.

Ikkje perfekt oppladning til løp


-Motivasjon?
Korleis er egentleg motivasjonen til Dag Einar? Etter dette blogginnlegget er den nok litt større, men etter knekken han fekk tidlegare i år (NM-kravet rauk og tapet mot Ruben i Fresvik) kan det stilles spørsmål til det. Dag Einar satsa meir på å redde 4.div plassen til Vik IL enn å springe løp. Om han holdt fram med å nedprioritere springinga etter sesongen var over er usikkert.


Ruben
Strength/Styrker:

-Motivasjon
Mest truleg har Ruben litt større motivasjone enn Dag Einar. Problemet er nok at motivasjonen kjem littgrann seint, som t.d. knappe to veker før løpet.

-Styrke
Det er inga tvil om at Ruben sine bein er sterkare enn Dag Einar sine, og eg ser på dette som ein fordel. Å måtte flytte beina ca 25 000 gonger iløpet av ein time og 15-20 minutt er ikkje berre uthaldane, men ein treng også styrke, spesielt når ein må dra på knappe 90 kg.

Dag Einar uttala seg i lokalavisa etter at han blei slått under Mensen Ernst Minneløp 2015


-Utdanna PT (kunnskap)
Som utdanna PT har eg lang erfaring med trening og kosthald. Dette vil vere ein fordel til ein viss grad. 

PT-Ruben


-Kosthald
Kosthaldet er bra. Sunn mat og ikkje for lite mat. Det er mottoet.

Weakness:
-Utstyr
Har nokre slitte joggesko som må vege oppmot 1 kg tilsaman. "Ekstra trening" seier Ruben.

-Lokasjon
På Evenstad har det for alvor byrja å snø. Heldigvis har Ruben broddar som brukast på trening. Kaldt er det også her. Superundertøy og buff er for ein gongs skuld brukt.

Mille er sånn halvgira på joggetur i snøen


-Røynsle/erfaring
Ruben startar ALLTID ganske tøfft i starten av løpa sine.
På maratonet i Kilimanjaro passerte han 20 km på 1 t 20 min. Dei neste 22 km brukte han 1 t 46 min.
Under Hornindal Rundt (2015) leda han etter 10 km fram til 14 km, og låg på ein megasterk 3.plass halvveges (37,5 km). Dette endte med kjempesmellen og såvidt innafor topp 20 etter fullført løp. Lenge sidan han var så langt nede.

Dei tøffe opningane av løpa er vel kanskje ein effekt av lite rutine. Har gjennomført svært få løp


-Treningsklær
Basketballshorts som når til knea. Aldri tights, aldri!

Basketshorts


-Vekta (89 kg)
Ruben veg omlag 89 kg. Det er 3 kg mindre enn i fjor, men vekta har stabilisert seg her. 89 kg er mykje når ein må drasse med seg det på 21 km. 

-Fasiliteter
På Evenstad har dei skog. Og meir skog. Her foregår treninga på skogsveg eller i skogsstien. Det er ingen lengdemerka løyper eller treningsbaner. Difor må målinga skje med GPS-klokke. Det positive er at ein ikkje får friskare luft. 

-Personleg oppfølging
Mille gir svært få tilbakemeldingar under treningsøktene. Ho er mest opptatt av to ting: rulle seg i snøen/lyngen og legge seg i ein dam/bekk. 

Friday 13 November 2015

Den store Bøtun duellen på Karmøy

Laurdag 21.november 2015, kl 11:30 startar Karmøy Halvmaraton. Løpet blir dekka live på nettet, og det er to brødre som har lyst å utmerke seg. Dag Einar Bøtun (23) sprang i heile år for å kvalifisere seg til NM på 10 000 meter, diverre stogga sjukdom den draumen. Istaden skulle han vinne det lokale løpet Mensen Ernst Minneløp, men også der nådde han ikkje opp. Det endte på 3.plass på den 15 km lange løypa. Det som var endå meir overraskande, var at han blei slått av sin eldre bror, Ruben Bøtun (27). No er tida inne for å revansjere seg.



Dag Einar i kjent driv. Spring for Spirit i Stavanger

Dag Einar vaks opp med 2 eldre brødre og følg mange av fotstora deira. Ruben gjekk på idrettslinja i Sogndal, det same gjor Dag Einar. Både eldstebror Jon Aleksander og Ruben gjennomførte krevjande militær teneste, det same gjor Dag Einar. Ruben studerte Sport Management i Molde. Dag Einar studerte idrett i Stavanger. Med andre ord. Det er mykje til felles mellom Bøtun-brødrene.


Ruben (2.plass), Håvard (1.plass), Dag Einar (3.plass). Mensen Ernst minneløp 2015.


23-åringen har som mål å vinne Karmøy halvmaraton. I fjor kom han på 2.plass, og det med feber. No er han tilbake i form og går for topplasseringa. Ruben, har så vidt starta med kondisjonstreninga, og skal gå for å slå Dag Einar, slik som under Mensen Ernst løpet 13.juni i år. Sjølv med lite kondisjonstrening trur Ruben det kan bli eit spanande løp.


Dag Einar gir som oftast alt i kvart løp. Mental førebuing er eit must.

Ruben har haldt formen ved like i år ved å spele 5.divisjonsfotball for Koppang. Midtbanegeneralen fekk med seg 9 kampar og hadde mest truleg fleire taklingar enn vellukka pasningar. Men han var flink å springe frå boks til boks. Elles går det mykje i å løfte hjarn på morgonen. No skal han på besøk i Stavanger og kvifor ikkje delta på eit halvmaraton. Dette blir første gong Ruben spring eit halvmaraton (21 km).




Hornindal Rundt 2014


Det er svært sjeldan Ruben spring løp, men når han først knyt på seg joggeskoa, så er det ofte ekstremløp og svært spontant med lite trenings opp mot løpa.

Til dette løpet har han fått med seg ein treingskamerat, nemleg Mille, som er i grei form for tida. Ho er nok meir glad i mat enn joggeturar, men ho er såpass lojal at ho blir med ut i regnværet for å pushe Ruben. Treninga starta for ei veke sidan og har vore ein fin miks av to rolege langkøyringar og to intervalløkter.

Antallet av gjennomførte langløp (over 15 km) kan teljast på ei hand. Eitt full maraton i Tanzania (2014), og to fjelløp i Nordfjord (Hornindal Rundt 2014 og 2015). Han har konkurrert fleire gonger mot Dag Einar, og i år var først gong den eldre broren kom sigrane ut av duellen.

Om du ynskjer å følgje løpet på laurdag den 21.11-2015 klikkar du deg inn her: http://www.eqtiming.no/quick/index.php?page=eqtevent&eventuid=15114


Frå Mensen Ernst Minneløp (15 km) 2014. Då blei Ruben slått med 3 minutt og 5 sekund

Monday 7 September 2015

Å leva som ein student

Å vere fulltidsstudent betyr ikkje berre å jobbe foran pulten med blyant, papir og lærebok. Det er viktig å koble av til tider, og det har eg nyleg gjort. Førre veke reiste eg til Bergen for å ta meg ein ferietur i utlandet.



For to år sia blei eg kjent med amerikanske Lauren, og ettersom eg er relativt god på å halde kontakten med vennene mine, så har me forblitt vener. For ca 3-4 månadar sia flytta ho til Hawaii for å jobbe på ein båt (snorkling og kval-safari). Difor nytta eg sjansen til å ta meg ein tur til Hawaii. Dermed gjekk turen frå Bergen til Hawaii, via London og Los Angeles.

Honolulu. Joggetur i parken. Litt andre trer enn på Evenstad

Enkel humor på Starbucks

Å som me kosar oss



Å kjenne folk som er lokalkjente er gull verdt når ein besøkjer ukjente stadar. Og det har eg merka denne veka.

Fyrste dagen dro me ut på ein tur gjennom jungelen. Me hoppa i "vinelands" som er veldig sprettent og mjukt, deretter følgte me elva via fossefall/dammar heilt ned til sjøen. Ein fantastisk tur som få turistar får oppleve (me måtte gå gjennom ein del privat eigendom).

slik reiser me på Hawaii

ein eigen fornøyelsespark i jungelen

Klare for tur


Seinare var eg med på camping med fleire lokalkjente folk, og me gjorde alt frå klippehopping til utforskning av undervannsgrotter. Adrenalinfylt tur med andre ord.





Etter ei veke på Hawaii er det på tide å reise heim til Noreg, men ettersom me har langhelg denne veka skal eg vere heime i Fresvik for å samle inn data til bacheloppgåva mi.