Monday 31 August 2015

New adventures!

It's been 14 months since I arrived Norway after lliving 3.5 years in UK and Africa, I'm now back on the horse. (Travelling, not living abroad).
When I got my first solid paycheck in July since quitting as a personal trainer I could finally afford a ticket to the States. I booked the ticket about 4 weeks ago, and now I'm in my "second home country".

Thursday 20 August 2015

Dag 11 og 12

Det siste innlegget kjem litt seint, ettersom eg er tilbake på skulebenken på Evenstad og i full gang med undervising, fotball og fadderveke.

Så det blir forklart i kortheit korleis dei to siste dagane var.

16.etappe
Sandhaug-Litlos, 20 km
Me starta ikkje for tidleg, ettersom planen var å berre gå èin etappe, frå Sandhaug til Litlos. Undervegs letta været, og me vurderte fortløpande om me skulle gå lengre enn dei 2 mila på Vidda.
Starten av turen starta relativt flatt, og me måtte krysse ein stor bekk før me starta på det vetle stigninga me måtte ta. På toppen tok me lunchpause bak ein stor stein, som ga god le for vind, samtidig som sola dukka fram.

Når me kom fram til Litlos var det strålande vær og hytta låg som eit idyllisk ferieparadis.
Me gjekk innom for å helse på betjeningen, og eg fekk veldig lyst til å komme tilbake på fisketur neste sommar.

Litlos!

Vading

Sigbjørn leitar etter stein som han kan lage bru med. 


17.etappe
Litlos-Hellevassbu, 16 km, 4 timar
Ettersom været vart bra, fortsatte me å gå frå Litlos til Hellevassbu. Stien var bra, og på toppen, når skodda kom fram var det enkelt å sjå vardane. Det var to gonger me tok fram kompasset for å forsikre oss om kva retning me skulle gå.
Klokka 20:30 kom me fram til Hellevassbu, ei sjølvbetjent hytte som denne dagen hadde ein del besøkande. Mange som søv på Hellevassbu er enten på veg til eller frå Litlos, og samtlege som overnatta skulle til Litlos frå Haukeliseter.

Resten av kvelden blei brukt til matlaging og bading.

Sigbjørn navigerar

Framleis mykje is på vatna

Kompasset blei brukt

Sigbjørn med ein av våre beste vener, varde


18.etappe
Hellevassbu-Haukeliseter, 20 km
Siste etappe starta i sidevind og kraftig regn. Me var akkurat då glad for at me ikkje gjekk heilt frå Litlos denne siste dagen. Men været ga seg etterkvart og sjølv om dette var den første dagen på lenge me gjekk mindre enn 3 mil, så var det ein tung etappe.

Til slutt kom me fram til den store hytta og møtte DNT-Eivind.
Massiv-ruta er eigentleg 19 etappar, men ettersom me ikkje gjekk innom Fanaråkshytta, vart turen på 18.etappe. Eg har ikkje rekna ut kor mange kilometer me gjekk, men det var mange.



Tilbake på Evenstad. Der fadderveka er i full gang.


Wednesday 12 August 2015

Dag 9 og 10

Grunna dårleg nettilgang på dei siste hyttene har ikkje bloggen blitt oppdatert, men no skal eg skrive litt om eit par av siste dagane på DNT's MASSIV-ruta. Me gjekk løypa på 12 dagar totalt, her kjem dag 9 og 10, samt bilda frå slutten av turen.

Dag 9

12.etappe
Geiteryggshytta-Finse 15 km, 3,5 timar
Dagen starta med at eine klipsen på sekken til Sigbjørn rauk, så me måtte improvisere med stips. 
Me hadde planar om å gå heilt til Krækkja, så me starta ca 06:45. Den første etappen var over Klemsbu på ca 1600 moh. Derfor var det ein del snø, men i tillegg til snøen var det også ein heil del skodde, og litt yr i lufta. For første gong under turen måtte me ta opp kompasset for å navigere oss til vardane. Det gjekk naturlegvis bra og me kom til Finsehytta ca 10:15. 

Klipsa blei erstatta med strips

Opp mot Klemsbu

Klemsbu

På Finse åt me lunch og tok ein kopp kaffi som varma etter ein kjølig tur over fjelltoppen. 

13.etappe
Finse-Krækkjahytta, 23 km, 5,5 timar
Etter ein times pause på Finse fortsatte me mot Krækkja. Været starta surt og det var såpass lågt skydekke at me ikkje kunne sjå Hardangerjøkulen i starten, men det letta fort. Utover dagen vart det meir og meir sol og det gjekk fort i det lette terrenget. Me tok ein pause i sola, og kom ned til Krjækkja før klokka hadde passert 17. 
Nede i Krækkja møtte me sjefen som kunne heile historia om den gamle DNT-hytta. Kvar laurdag fortel han om hytta, frå den blei bygd til i dag. Ein herleg sjef som er utruleg triveleg når du snakka med han. 




Sigbjørn er klar for sol


Sjokolade i sola


Sigbjørn fann skilt

Nærma oss Krækkja
Dag 10
14.etappe
Krækkja-Stigstuv, 15 km,
På Krækkja var me såpass heldige at me møte på sjølvaste DNT-sjefen, og han fekk tatt eit par bileter av oss før me gjekk ein ny lang tur. Først gjekk me ca 15 km til Stigstuv, som er ei privat hytte. Der åt me lunch og fekk kjøpt ein kjekspakke, som kom godt med seinare på turen.

15.etappe
Stigstuv-Sandhaug, 20 km
Etter lunch var det kjølig på vidda og me starta i høgt tempo. Såpass høgt tempo at ikkje stort blei sagt. Første 5 km gjekk me på ein time, og då var det på tide med ein Smil (sjokolade). Vidare gjekk me på ein godt traffikert sti/traktorveg og til slutt kom me fram til Sandhaug.


Ofte måtte me byte batteri på kamera


Bileter frå dag 7 og 8

Sigbjørn peikar i feil retning. Kva skulle me gjort utan kart og kompass?

Den optimale tur sjokoladen! Sigbjørn i bakgrunnen

Litt snø på dei høgste partia, men fin å gå på :)

Sigbjørn har akkurat gjort det han hatar mest, å vade

Klarte å kutte tåa når eg vassa over ei elv

Sigbjørn var ikkje alltid førstemann over elva, for å sei det sånn.

Add caption


Giteryggshytta

Idyll på Geiteryggshytta

Var faktisk litt fristande å bade


Rikt dyreliv i fjellet

Friday 7 August 2015

Dag 7 og 8

8.etappe
Breistølen-Bjordalsbu, ca 11 km, 3 timar
Me starta rundt kl 09 frå Breistølen, kor eg eg klarte å leggje igjen smart telefon og ladar. Men me opprettheld kontakten med omverda gjennom tur-telefonen min.

Opp frå Breistølen til den sjølvbetjente hytta Bjordalsbu var det nydlege forhold. Sola glimta til og det var vakker natur å gå opp dei 400 høgdemetrane. Turen tok oss knappe 3 timar. At Breistølen Fjellstuer er så lett tilgjengeleg for bil/buss, og omgitt av så flotte turmogelegheiter er heilt fantastisk.

9.etappe
Bjordalsbu-Iungsdalshytta, ca 16 km, 5 timar
Etter lunch på Bjordalsbu gjekk me vidare sørover til Iungsdalshytta. Det var til tider mykje snø, men den var relativ fast og fin å gå på. På starten av etappen valgte eg å byte frå joggesko til fjellstøvlar, og Sigbjørn gjekk då i forvegen. Når eg starta å gå igjen gjekk eg forbi han utan å legge merke til det. Eg fortsatte i høgt tempo, samstundes som Sigbjørn prøvde å ta meg igjen. Etter ca 20-30 minutt gange høyrte eg eit rop bak meg, og eg såg han småjogga på steinura. Etter det haldt me følgje.

Nede i Iungsdalshytta fekk me servert fiskesuppe og oksekjøt til middag. Ein lang dag blei avslutta med å leggje seg tidleg.

10.etappe
Iungsdalshytta-Kongshelleren, ca 14 km, 4 timar
Me starta kl 09 frå Iungsdalshytta og gjekk i god sti oppover mot Kongshelleren. Iløpet av turen måtte me krysse 2 elver, der den eine var unormalt stor. Vading måtte til. Sigbjørn hatar vading. Å gå i kaldt vatn omtalar han som "knivar som stikk i føttene!". Etter den siste elvekryssinga var me like ved Kongshelleren. Der tok me lunch, og kom samtidig som ein gjeng som gjekk frå Geiteryggshytta.

11.etappe
Kongshelleren-Geiteryggshytta, ca 14 km, 3 timar
Under lunchpausen byta både eg og Sigbjørn til tørre fjellsko, før gjekk me vidare. På den flate og nedovervendte løypa frå Kongshelleren til Geiteryggshytta slapp me å vade fleire elver, til stor glede for Sigbjørn. Det var litt snø å gå på, men også her var den fast og fin, og det var aldri noko problem å komme seg mellom vardane. Tips: Gå til sides for "snø-stien", så er den mindre mjuk. Det er også vegtransport til/frå

Ned bakkane til Geiteryggen gjekk fort og me kom ned ca kl 16:40. Ettersom internett ikkje er supert her, så blir det ikkje lasta opp noko bileter frå turane, men det kjem seinare. I morgon går me iallefall til Finse, evt. endå lengre om me får tid (og krefter) til det.

Elles er formen fin, og me kosar oss på tur. Me har stor tru på at sluttproduktet blir veldig bra, og mange vil følgje fotspora våre.

Wednesday 5 August 2015

Dag 5 og 6

5. etappe
Fondsbu - Slettingsbu, ca 21 km 5,5 timar
Turen starta ca kl 09:10 frå Fondsbu tysdag etter ein stor frukost der me hadde laga store matpakkar, godt førebudd på den lange turen som venta oss.

Første del av turen gjekk langs ein grusveg i ca 5-6 km sørover. Deretter gjekk me på sti langs Tyinvatnet i 11 km. Akkurat i det me starta på stien kom ei kraftig byge som gjorde turen vår mykje meir våt enn tidlegare. Regnet ga seg, men stien og myrene rundt var framleis svært fuktige. Heldigvis var stien godt merka i starten, så det var ingen problem med å finne vegen.

Når me kryssa R53 gjekk me oppover mot Slettingsbu. Opp mot toppane kom ei tjukk skodde som gjorde sikten svært dårleg. Takka vere meget bra vardar og merking fann me stien utan å leite for mykje. Opp 300-400 høgdemeter og 3 km i lengderetning fann me Slettingsbu. Me kom fram kl. 14:30 for å ete lunch.

Den sjølvbetjente hytta var allereie varm og på veg ut møtte me to hyggelege damer som skulle vere nokre netter på hytta for å gå turar i område.

Sigbjørn i god driv

I skodda var det godt med gode vardar

Sigbjørn fann skiltet

Slettingsbu


6. etappe
Slettingsbu - Sulebu, ca 14 km, 5 timar
Idet me gjekk ut av hytta kom ei ny kraftig byge, og denne ga seg ikkje med det første. Me blei kliss blaute og det var krevande å gå i tjukk skodde.

Medan me gjekk sørover måtte me også krysse unormalt store elver/bekkar, difor tok det unormalt mykje tid å gå dei 14 kilometrane. Men elles var stien god. Når me kom ned til E16 var det berre 5 km igjen, og me ga gass. Det tok oss nøyaktig ein time å komme opp til Sulebu frå hyttefeltet ved E16. Klokka var då 20:00 og me var svært glade for å komme under tak.

Sulebu var ei kosleg hytte som har mange besøkande om vinteren/påsken. Både skuleklassar og familie/venegjengar går på ski i område, og etter bilda på veggen såg det legendarisk ut. Det er ganske flatt i mellom dei høge toppane. Suletinden og Sulefjellet er blant anna toppar som kan vere verdt å bestige med ski på beina.


7.etappe
Sulebu - Breistølen, ca 20 km, 6 timar
Eg har funne ut at Sigbjørn er svært glad i mat og kvile, så det tok litt tid før me kom oss ut av hytta. Etter å ha laga ein stor frukost, tatt oppvasken, pakka sekkene og rydda ut kunne me låse hytta og starte på turen vidare sørover.

Været denne dagen var mykje betre enn dag 5, og sola steika mellom skyene. Frå Sulebu til Breistølen var det ca 20 km å gå, og relativt flatt. Men me måtte over ein del stein, men det er betre å gå på stein enn blaut snø. Verre var det med dei store mengdene med vatn. 3 gonger måtte me ta av oss på skoa for å vade over bekkar/elver. Me fekk iallefall vaska føttene godt.

På turen møtte me 6-8 turgåarar som gjekk i motsatt retning, noko som er det meste me har opplevd så langt.

På Breistølen Fjellstove var det svært kosleg. Me fekk dusja, ete god middag og rapportert til Sjefen (aka. DNT-Eivind). Fjellstova her ligg godt til rette for ankomst med bilar og ein ypparleg startfase for turar i område. Me gler oss til turen vidare sørover i morgon. Siste beskjed frå Sjefen er at det er veldig fint rundt Iungsdalshytta, som blir vår neste overnattingshytte.

Sigbjørn tek ein kvil etter frukost

Nydleg vær

Midt mellom Sulebu og Breistølen




Sigbjørn vadar




Monday 3 August 2015

Dag 4

4.etappe
Skogadalsbøen - Fondsbu, ca 28 km, 9 timar (normalt 24 km, 8 timar)
Den 4.etappen starta frå vakre Skogadalsbøen kl 07:30 med rykande fersk kaffi på termosen. Det finst mange mogelegheiter til å komme seg frå Skogadalsbøen til Fondsbu, men me fekk tips frå Torunn som jobbar på DNT hytta om å gå inn Skogadalen. Etter å ha gått i ca 2 timar i morgonsola tok me ein 90 graders vending sørover for å gå opp på Sagi, ein luftig topp på litt over 2000 meter. 

Turen opp Sagi (2 km og 800 høgdemeter) tok om lag 1 time, men diverre var det ein del skodde, så sikten var ikkje så bra som me hadde håpa på. Ned igjen til stien gjekk raskare ettersom me sklei ned på snøfennene. 

Kl 12 fortsatte me austover i retning Fondsbu. Me møtte på mange turgåarar som gjekk i motsatt retning, så stien var godt tråkka og godt merka. På dei høgste partia (ca 1300-1400 moh.) var det ein del snø, som gjorde turen litt tøffare enn venta.

Det siste partiet gjekk veldig fort, og me kom ned kl 16:30. 
På Fondsbu møtte me ein kamerat av oss som filma litt med drona si, og det blei veldig stilig. Både meg og Sigbjørn har ganske møre bein i kveld, men er klar for å gå mot Sulebu i morgon, ein endå lengre etappe. Forhåpentlegvis slepp me for mykje snø på bakken, og regn i lufta. 

Turen starta i nydleg vær

Skogdalen i morgonsola

Sagi

På toppen av Sagi, balansekunst i særklasse

Skiltinga er alltid gode checkpoint

Terje frå Vik kom for å filme litt frå lufta med drone



Sunday 2 August 2015

Dag 2 og 3

2.etappe
Nørstedalsseter - Sognefjellshytta, ca 30 km
Vår 2. etappe av den store DNT turen var frå Nørstedalsseter til Sognefjellshytta. Normalt sett ca 25 km, ein 8 timers tur. Me ville starte tidleg, så me starta kl 06:00. Frukost tok me på vegen, ca kl 06:30, akkurat når sola sto opp.

Me gjekk oppover fjellet og gjekk på hard snø i grei sti. Når me kom på "toppen" hadde me fantastisk panorama utsikt over alle toppane rundt oss. 
MEN, når me gjekk oppover ville underbevisstheiten at me skulle filme ein dal som låg litt lenger nord for DNT-stien me skulle følgje. Så etter å ha filma dalen gjekk me tilbake på stien, ca 1,5-2 timar bak skjema. 

På toppen av fjellet var det ein del utydleg merking, som gjor at det gjekk litt seinare enn forventa. Me kom oss heldigvis fram på ettermiddagen. Turen var i krevjande terreng, og eg trur det er betre å starte turen frå Sognefjell for så å gå til Nørstedalsseter.

3.etappe
Sognefjellshytta - Skogadalsbøen, ca 18 km
Etter ein god frukost på Sognefjellshytta gjekk me sørover, retning Skogadalsbøen. Turen starta i snøvær og vind. Men når me kom til byrjinga av Utledalen kom sola fram. 

I god sti og greit vær gjekk turen svært fint. Det var stort sett berre nedover og me kom ned på ca 4 timar. Me hadde ein kort pause når ei kraftig regnbyge kom over oss. 

Nede i Skogadalsbøen kom me såpass tidleg at me var dagens første gjester. Me fekk tørka alt av utstyr og møtt personalet på hytta. Ein herleg gjeng som er veldig gode på service. 

Skilnaden mellom Sognefjellshytta, som er nesten som eit hotell, og små hytter som Skogadalsbøen er enorm. Under kaffien etter middagen i kveld fekk me framført kulturell fløyte-speling av Torunn. 



I morgon skal me ta turen til Fondsbu, kor Vinjerock blei arrangert for nokre få veker sia. Eg kjem då til kjente omgivelsar. På Fondsbu skal me møte ein kamerat av oss som skal, etter planen, filme oss med drone. Det blir nok stiligt, om været blir bra.