Tuesday 24 November 2015

Karmøy (halv)maraton


Då var den store Bøtun duellen over. Eg ankom Stavanger kl 20:05 og blei henta av Dag Einar og Håvard. Etter ei natt i gjestesenga reiste me til Karmøy i god tid før løpet. Det var sol, men kjølig (rundt 0 grader). Oppvarminga måtte gjennomførast med mykje kle, men etterkvart fekk me varmen i oss.

I bilen før oppvarming

Til vår skuffelse skulle Norges beste maratonløpar, Buta, delta på halvmaratonet. Då visste me at me ikkje hadde sjangs på gull iallfall (Buta vann løpet med tida 1 time og 6 minutt).

Løpet starta kl 11:00, og dei siste minutta før løpet blei litt stressande, ettersom Håvard hadde reist med nøklane til den låste bilen (der startnummera våre var). Kl 10:58 sto me på startstreken, heilt fremst.



Buta suste i tet, han var i eigen klasse. Me meir "normale" bak Buta haldt oss i ei "tet"gruppe på 7 stk. Eg hang meg på bror min. Planen var at eg skulle gjere alt eg kunne for å halde følgje, eg var budd på å gå djupt i "kjellaren". Det var ingen poeng å komme i mål på ei halvgod tid langt bak bror min. Enten går eg inn for noko 110%, eller så gidd eg ikkje.
 
Starten. Buta i front. Dag Einar til høgre.
"Tet"gruppa blei fort til 6 mann. Eg som bakerste, men tunge steg. Farten me hold var på om lag 7 minutt pr 2 km. Når eg sprang intervallar (6x2000m) 5 dagar tidlegare haldt eg ein fart på 7:40 (i snitt) pr 2000 m. Så eg hadde eit håp om at gruppa skulle senke farten. Det skjedde ikkje.

Ut frå Stadion. Dag Einar like foran meg (i gul shorts)
Når me hadde sprunge dei to første kilometrane skjønte eg at dette ikkje ville halde for min del, men eg beit meg fast og haldt følgje. Gruppa blei etter kvart redusert til 5 mann, og eg visste at viss eg klarte å halde følgje, så ville det bli i alle fall ei topp 6 plassering.

6 km på litt under 20 minutt. Eg pusta tung, men fekk litt drikke av Dag Einar ved den eine drikkestasjonen.

Dag Einar kikke stadig bak seg for å passe på at eg var med. Og ved 10 km sprang me side ved side. Då hadde det gått 35 min 57 sekund. Min raskaste 10 km nokon sinne. Ved vending (10,5 km) låg me framleis samla, men så kom motvinden. Og hagl.

Ved 12 km byrja det å halge, og det blei plutseleg ein del tyngre. "Tet"gruppa auke farten ein smule. Eg hadde då ingen sjangs til å halde tritt. Eg og ein til falt av gruppa. Dag Einar følte seg pigg og låg framleis i "tet"gruppa som no var på 3 mann.

Eg såg ikkje stort til den gruppa etter det, og etter 16 km auka Dag Einar farten endå meir, og til slutt sprang inn til ein imponerande 2.plass. Dag Einar si tid kom på 1 time 14 minutt og 27 sekund.


Dag Einar i målgang


Etter 12 km låg eg 50-60 meter bak ein ire, som spring for same friidrettsklubb som Dag Einar (Spirit). Me holdt ganske nøyaktig same fart dei neste 7 km. Så ved 19 km bestemte eg meg for å gå i kjellaren for å ta igjen forspranget. Eg auka farten og ganske snart hadde eg tatt han igjen. Då hadde eg to valg: 1) Køyre på heilt til mål, eller 2) Ligge bak han fram til stadion og deretter prøve å vinne i ein spurt.



Eg gjekk for å prøve å halde farten i 1 km til, for så å sjå kor stor leiing eg ville få. Dette førte til at eg fekk ei lita luke på ca 30-40 meter, og då var det berre å halde ut den siste kilometeren. Eg kom i mål på 1 time 16 minutt og 57 sekund og 5.plass. 2,5 minutt bak Dag Einar.

Alt i alt, svært sliten og nøgd. Dag Einar sprang eit såpass godt løp at eg ikkje hadde sjangs til å ta han. Før løpet hadde han eit mål om å komme under 1 time og 17 minutt, så om han ikkje hadde hatt dagen, så kunne det fort blitt ein meir spennande løp.

Etter løpet fekk Dag Einar stå på pallen med Buta, og motta sin pengepremie.



Eg måtte nøye meg med ein veltfortent medalje


Etter løpet var det rett på bussen til Bergen. Eg opna ei vinflaske i ekte Mons Monsen Øyri (legenda Mensen Ernst) - stil. Til Bergen feira me 30-årsdagen til Bjørnar, eit av mange søskenbarn. Stor ståhei med mange slektningar og vener frå heimbygda, Fresvik.

Vinflaske på bussen

Jonas just arrived the party!

Sigbjørn, Bjørnar (30), Dag Einar og Silje
Kl 24 var kvelden over for meg og Dag Einar, og me la oss for å vere opplagte til heimreisa dagen etterpå.



Takk til Karmøy Maraton (Facebook side)

No comments:

Post a Comment